Skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom
Skulehelsetenesta
Alle barn og unge i kommunen har krav på skulehelseteneste ved den skulen dei høyrer til. Skulehelsetenesta er ei forlenging av helsestasjonstilbodet og arbeider for å fremje barn si helse og trivsel, samt førebygge sjukdom og skade. Tilbodet er gratis. Helsesjukepleiar har fast kontortid ved kvar enkelt skule.
Helsesjukepleiarar på skulane
Skule | Helsesjukepleiar | E-post | Telefonnummer |
Alversund skule |
Maria Angela Thingnes Kari Linn Hesjedal |
maria.angela.thingnes@alver.kommune.no |
95 06 50 80 |
Austebygd skule | Monica Skauge | monica.skauge@alver.kommune.no | 45 35 50 18 |
Danielsen ungdomsskule |
Margrethe Sivertsen |
||
Eikanger skule | Eilen Korneliussen | eilen.korneliussen@alver.kommune.no | 47 46 11 37 |
Grasdal skule | Maria Skjelanger | maria.kristine.skjelanger@alver.kommune.no | 40 90 89 27 |
Hordabø skule | Jannicke Helland | jannicke.helland@alver.kommune.no | 40 90 76 41 |
Kløvheim skule | Maria Skjelanger | maria.kristine.skjelanger@alver.kommune.no | 40 90 89 27 |
Knarvik barneskule | Margrethe Sivertsen | margrethe.sivertsen@alver.kommune.no | 40 81 46 59 |
Knarvik ungdomsskule |
Maria Angela Thingnes Marita Monsen |
||
Knarvik vidaregåande skule |
Sissel Hatlevik Sigrunn Valle Feste |
||
Leiknes skule | Marie Bergheim | marie.bergheim@alver.kommune.no | 40 90 76 45 |
Lindås barneskule | Janne Amble Eldholm (frå 4. november) | ||
Lindås ungdomsskule | Kari Linn Hesjedal | kari.linn.meland.hesjedal@alver.kommune.no | 45 35 53 11 |
Manger skule | Karina Isdal | karina.isdal@alver.kommune.no | 45 34 31 60 |
Meland ungdomsskule |
Bente Monstad Olsen |
||
Myking skule | Eilen Korneliussen | eilen.korneliussen@alver.kommune.no | 47 46 11 37 |
Nordhordland kristne Grunnskule | Ann Kristin Legernes | ann.kristin.legernes@alver.kommune.no | 40 91 08 90 |
Ostereidet barneskule | Bente Monstad Olsen | bente.monstad.olsen@alver.kommune.no | 40 81 55 49 |
Ostereidet ungdomsskule | Ann Kristin Legernes | ann.kristin.legernes@alver.kommune.no | 40 91 08 90 |
Radøy ungdomsskule | Monica D. Skauge | monica.skauge@alver.kommune.no | 45 35 50 18 |
Rossland barneskule | Linn-Merete Fugelsbø | linn-merete.fugelsbo@alver.kommune.no | |
Rossland ungdomsskule | Maria Skjelanger | maria.kristine.skjelanger@alver.kommune.no | 40 90 89 27 |
Sagstad skule |
Eilen Korneliussen Marita Monsen |
||
Seim skule | Ann Kristin Legernes | ann.kristin.legernes@alver.kommune.no | 40 91 08 90 |
Skodvin montessori skule | Susanne Rebnord | susanne.rebnord@alver.kommune.no | 95 09 90 45 |
Sæbø skule | Monica D. Skauge | monica.skauge@alver.kommune.no | 45 35 50 18 |
Vestbygd skule | Bente Monstad Olsen | bente.monstad.olsen@alver.kommune.no |
40 81 55 49 |
Helsestasjon for ungdom
Opningstider:
Knarvik, 3.etasje i helsehuset: Onsdagar kl. 15.30 - kl 18.30
Frekhaug: Tysdagar kl. 14.30 - 16.30
Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit gratis tilbod for deg mellom 13-23 år. På helsestasjonen for ungdom kan du få hjelp og råd frå helsesjukepleiar og lege (på Frekhaug møter ein helsesjukepleiar, og i Knarvik møter ein helsesjukepleiar og lege). Dei som jobbar der har teieplikt. Du treng ikkje bestille time eller ha avtale for å snakke med helsesjukepleiar eller anna helsepersonell på HFU. Det er berre å møte opp, men du må ikkje ha forkjølelsessymptom. Du treng ikkje tillatelse frå foreldra dine for å kontakte HFU.
Meir informasjon om HFU finn du på Helsestasjon for ungdom (HFU) - helsenorge.no
Kva kan du få hjelp til?
- Rettleiing og hjelp til alt som handlar om prevensjon
- Spørsmål i samband med seksualitet
- Snakke om ting som er vanskeleg, anten det er fysisk eller psykisk helse
- Eteforstyrringar
- Problem i forhold til rus
- Rettleiing i samband med graviditet
- Vanskar heime, på skulen, eller med vener
- Opplevingar kring vald, overgrep og mobbing
- Du kan ta klamydiatest og graviditetstest her
- Ved behov for anna hjelp kan vi henvise deg vidare til andre som kan hjelpe deg
Kvar heldt vi til?
- Frekhaug: Havnevegen 41, 5918 Frekhaug. (Kommunehuset på Frekhaug, inngang mot Rema 1000).
- Knarvik: Helsehuset, Kvassnesvegen 40, 3. etasje.