HjemHelse, sosial og omsorgMiljøretta helsevern

Miljøretta helsevern

Om miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern har først og fremt eit førebyggande aspekt, men dersom det oppstår tilhøve som har negativ innverknad på helsa har kommunen òg høve til å pålegge verksemder tiltak for å redusere og/eller fjerne helseskadelege miljøfaktorar.

Ansvar for Miljøretta helsevern er delegert frå kommunestyret til kommuneoverlegen. Teknisk-hygienisk ingeniør er den som utførar arbeidsoppgåver og fungerer som rådgjevar saman med kommuneoverlegen.

Arbeidsoppgåver

Våre faste oppgåver er systembasert tilsyn med skular, barnehagar, basseng, boblebad, tatoveringsverksemder og solarium. Vidare fører vi tilsyn ved behov ved enkelte andre verksemder som til dømes frisørar og campingplassar. Andre arbeidsoppgåver er klagehandsaming innan støy, forureining med meir.

Alle verksemdene som vi driv tilsyn med har plikt til å melde frå til oss ved oppstart og ved vesentlege endringar. Vidare må enkelte av verksemdene søke om godkjenning ved oppstart og vesentlege endringar. Dette gjeld skular, barnehagar, tatoveringsverksemder, basseng og boblebad.

Arbeidsoppgåver og tema knytt til miljøretta helsevern: 

  • Godkjenning og tilsyn av barnehagar og skular
  • Tilsyn med symjebasseng og badeplassar
  • Tilsyn med hudpleie.- solarie,- frisør-, piercing og tatoveringsverksemder
  • Tilsyn med campingplassar og overnattingsverksemder
  • Inneklima, radon
  • Hygiene, reinhald, vedlikehald
  • Smittevern
  • Førstehjelp
  • Støy, lys
  • Drikkevatn
  • Avfall
  • Røyking
  • Forureining til vatn, jord og luft
  • Skadedyr og insekt
  • Hald av dyr
Kontaktinformasjon

Besøksadresse: Alver Rådhus. Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø

Tilbod og tenester

Folkehelse og hygiene 

Kva seier lova?

Sist oppdatert: 31.10.2022
Publisert: 09.01.2019