Velferdsteknologi
Kva er velferdsteknologi?
Velferdsteknologi er tekniske hjelpemiddel og alarmar, som gjer at du kan kjenne deg trygg heime og meistre kvardagen trass sjukdom og nedsett funksjonsevne. Etter at vi starta med velferdsteknologi, har tryggleiksalarm blitt ein del av dette tilbodet.
Teknologien varslar når det skjer ei uønskt hending, og kan førebyggje behovet for andre pleie- og omsorgstenester. Velferdsteknologien kan også bidra til å avlaste pårørande.
Slik søkjer du
Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester
Fordi søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på Rådhuset eller send dei til:
- Alver kommune
Forvaltningskontoret
Postboks 4
5906 Frekhaug
E-post: forvaltningskontoret@alver.kommune.no
Kva kostar det?
Inntekt | Månadspris |
Inntekt under 2 G* | 215 kroner |
Inntekt over 2 G* |
450 kroner |
*G= grunnbeløpet i folketrygda
Velferdsteknologi er gratis for dei som får velferdsteknologi som erstatning for anna helsehjelp.
Trykk her for oppdatert informasjon om grunnbeløpet på NAV sine heimesider.
Kva får du?
- du får tryggleiksskapande teknologi som er tilpassa deg og dine behov
- du får opplæring og informasjon
- du blir meir sjølvstendig og mindre avhengig av andre
- du kjem raskt i kontakt med helsepersonell
Krav til søkjar
- du må bu i Alver kommune
- du treng hjelp for å kjenne deg trygg heime
- du kan ha behov for å tilkalle hjelp på grunn av fallfare
- du kan ha behov for å tilkalle hjelp i naudssituasjonar
- du må ha tilgang til mobilt nett eller fiber
Trykk her for Retningslinje for tildeling av velferdsteknologi
Kva skjer vidare?
- Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
- Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
Kontakt oss
Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00
- Ring oss på 56 37 50 00
- Send ein e-post til: forvaltningskontoret@alver.kommune.no
Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.
Klage på vedtak
Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.